|
Speidararbeidet startar opp på Voss |
|
Skrevet av Eivind Grande
|
|
Tida frå 1914 til 1918 er troppen si barndomstid. Speidarrørsla såg dagens ljos i England allereie i 1907. Det var tankar og idear som engelskmannen Robert Stephenson Smyth Baden Powell hadde sysla med allereie under den engelske borgarkrigen. Arbeidsprogrammet omfatta fysisk, praktisk, moralsk og relgiøst arbeide. Speidarrøsla byggjer på frivillig medlemskap, ei demokratisk oppbyggjing av organisasjonen og politisk uavhengigheit. Denne rørsla som såg ut for å vera midt i blinken for ungdom verda over kom også til Noreg og allerie i 1911 var "Norsk Speidargutt Forbund" starta. Også berre tre år seinare kom dette til Voss. Skal me settja noko tidspunkt for speidarbevegelsen sin start på Voss, må det vera rundt påsken 1914. Det var presten Lavik sine tre soner som fekk den ide, å bli speidarar. Som me ser av "Speideren organ for Norsk Speidergutt Forbund" nedanfor vart det kunngjort at 1ste Voss trop er skipa med leiar Sverre Honve. Den 29 juni 1914 vart speidaren på Voss skipa:
|